torsdag 23. august 2018

"Før i tida"


Eg er født i 1971. Dette gjer meg gammal nok til å bruka uttrykket "før i tida". Det var mykje meir lyn og torden før i tida. Eller "torever" som det heiter på dialekt. Me vaks opp med innprenta respekt for dette ver-fenomenet. Det var ikkje reint få reglar me fekk inn med H-mjølka .

REGEL NR 1:
TREKK UT ABSOLUTT ALT AV LEDNIGAR I SAMTLIGE STIKKONTAKTAR I HEILE HUSET !

I praksis vart det sjølvsagt prioritert etter kva som var viktigast. TV,radio,kasettspelar,platespelar,panelovnar,lampettar osv. Mutter'n klarte vel denne runden på 40 sekund blank i sine glansdagar. Kjøleskap og fryseboks vart aldri kobla ut,for då kunne maten bli øydelagt i løpet av dei 34 minuttane det sto på som verst.
Eg forsto heller ikkje den gangen logikken i dette systemet. Men me hadde no kald mat i det minste.

REGEL NR 2:
IKKJE SNAKK I TELEFONEN !

Sjølvsagt hadde mutter'n gløymt å dra ut ledningen på telefonen. Den pleide ringa på det tidspunkt då me satt heile familien fordelt på ein halv kvadratmeter i sofaen midt i stova. Der satt me og talde antall sekund mellom lynet og tordenskrallet. Først lynet det og så talde alle med stille stemme.. 1-----2-----3 "RING-RING-RING!!!"-----( heile familien i taket)--- TORDENSKRALLET !!( heile familien i taket ein gang til)  Det var bestemor som ringte og lurte på om det tordna hos oss og. Ho ville stort sett berre nevna at me måtte trekka ut alle kontaktar og ikkje snakka i telefonen.
Mamma klarte for ein gangs skyld å ha ein kort telefonsamtale,etterfulgt av å røska ut telefonledningen på samme måte som eg hadde gjort om det skulle ha vore ein hoggorm i undiken min. Etterpå fortalte ho oss om kor farlig det var å snakka i telefonen under tordenver.
Me respekterte dette og synest at mutter'n var litt lite lur som nettopp hadde snakka i telefonen.

REGEL NR 3: IKJE SITT NÆRME VINDUET!

Me vart på eit tidleg tidspunkt informert om dette ,og satt lydige i fosterstilling midt på golvet i den tru at me kunne verta blinde og evt dø berre av å sjå ut.

REGEL NR 4: DET ER TRYGGAST Å SITTA I BILEN

Det var ein logisk regel. Bilar har nemleg gummihjul som gjer at lynet ikkje vert farleg.
Medan me satt midt på golvet i stova utan telefonforbindelse,tv,radio( men med tilgang på kald mat) var det likevel aldri aktuelt med ein evakueringsplan ut i bilen.
Sjølv om den var tryggaste plassen....

REGEL NR 5: DET ER IKKJE SMART Å VERA UTE I BÅT!

Me hadde båten i naustet,så det var ikkje ei aktuell problemstilling for oss.

REGEL NR 6: IKKJE STÅ UNDER HØGE TING!

Det var sikkert derfor me satt i stova og ikkje sto oppreist.

REGEL NR 7: HA ALLTID LOMMELYKT TILGJENGELIG !

REGEL NR 8: HA ALLTID BATTERI SOM VIRKAR I LOMMELYKTA !

REGEL NR 9: HA ALLTID LYSPÆRE SOM VIRKAR I LOMMELYKTA

I forkant av regel nr 7,8 og 9, var strømmen gått. Det var her pappa måtte trø til. Sjølv om samtlige hus i kommunen var mørklagt,så insisterte han på å sjekka sikringane i vårt sikringsskap .
Han veiva rundt i mørket med ei lommelykt uten batteri eller pære mens han tømte innhold frå 5-6 skuffer og skap utover golvet på jakt etter reservedelar. Det gjorde det ikkje lettare for han at han brant seg på fyrstikkene ca kvart 4 sekund. Kvart 4 sekund lærte me eit nytt banneord. Så kom mamma på at det sto to skt nedstøva stearinlys på bordet. Dei var egentlig til pynt ( det var derfor dei var nedstøva) , men det fekk heller gå sia det var krise.

REGEL NR 10: HA ALLTID RIKELIG MED SIKRINGAR I RESERVE!

REGEL NR 11: KAST GAMLE SIKRINGAR!

Inne sikringskapet vårt låg det ei god blanding av reservesikringar og gamle øydelagde sikringar.
Stort sett hadde Fusa Kraftlag fått strøm fram til huset vårt på det tidspunkt der fattern hadde skrudd ut samtlige sikringar og blanda dei godt med dei han hadde skrudd ut forrige gang han mista boremaskina oppi badekaret.

Derfor var vårt hus det einaste mørklagte i heile kommunen i fleire timar etter siste lynnedslag.



REGEL NR 12: IKKJE SPØR PAPPA OM HAN SNART FÅR STRØMMEN PÅ IGJENN!

Me talde sekundar frå lyden av sikring som traff golvet til utbruddet frå fattern. 
Ofte var det nede i 1 sekunds intervall. Som det sikkert skjønar,så var lyn og torden ikkje til å spøka med. ( ikkje pappa heller) Mens fattern surra rundt nede i mørket nede i kjellaren,sat me oppe og tenkte på alle som no kunne sjå på tv. I bakhovet låg historiane om mannen som hadde dødd fordi han satt i vinduet og snakka i telefonen mens han såg på tv og hold ei 5 meter lang jernstang i hånda.

Om me var ekstra heldige så kom dette uværet natt til søndag. Då kunne ikkje pappa kjøpa nye sikringar eller batteri til lommelykta før mandag. Heldigvis vart det lyst søndagsmorgonen og. Då hadde me mykje lunka mat. Både i kjøleskapet og i fryseboksen. Pappa fant 4 pakkar 5ampere-sikringar, 3 pakkar 10ampere og 8 med 16ampere. Alle låg innanfor ein 2 meter radius frå sikringskapet. Seinare etterforskning viste at ingen av sikringane våre hadde nokon gang røke kvelden før. Det var aldri nokon som ringte til oss om søndagen.


Mandagen kom ,og mutter'n huska å plugga telefonledningen i veggen igjenn. Ho ringte til bestemor og fortalte at me hadde ein del mat som måtte etast opp. Omlag 11 kg seifilet,31 makrell, 6 kg hjortekjøt,9 pakkar grønnsakblanding ,13 brød, 8 pølsebrød( to kvar påse)og 4 kg tyttebær frå ferien 1979. I tilleg kom ca 6 gamle isboksar med udefinert innhold. Mest truleg middagsrestar.
Bestemor kunne godt tenka seg ein halv makrell.


På bygda kom historiane som bygde opp under frykten og respekten rundt lyn og torden. Hos ein nabo hadde det stått gnistar ut av stikkontakten i stova. Oppe i skogen hadde lynet slått ned i eit tre. ( eg tenkte at egvar glad me ikkje hadde tre på taket på huset vårt) Nils'n sin telefon virka ikkje før på torsdag! ( evt det var då han huska å plugga den i veggen att) Pappa reiste på butikken og kjøpte batteri og lyspærer til lommelykta si og la det innerst i ei skuffe. "Då veit eg kor det er når eg har brukt for det" ,sa han. I dag skriv me 2013 og tanken har fortsatt ikkje slått han å ha ei komplett lykt liggjande i sikringskapet.

Sjølv har eg klart å avdramatisera dette med lyn og torden litt. Sjølv om det lynar og tordnar med 0,5sekunds mellomrom,så lar eg meg ikkje stoppa av litt ruskevær når eg kan gjera det eg likar best. 
Nemleg å ta 970 meter skøyteledning ,tv,telefon,eit vindu og ei flaggstang med meg ut i båten!


Svaleungene samlet for flygetrening før den lange sydenferden...

1 kommentar:

  1. Hahaha, tack för den roliga läsningen :D Det kanske inte var så kul då när du vettskrämd satt i fosterställning mitt i rummet och såg hur din pappa for omkring för att få ordning på saker och ting. Men nu efteråt kan man skratta åt hur det var :)
    Vi hade inte alls lika många regler. Bara att sladdarna till tv:n och telefonen drogs ur kontakterna och att inte vara ute i en båt eller stå under ett träd.

    SvarSlett

Alltid hyggelig å høre hva du synes om det du leser her. Hadde vært veldig fint med en kommentar i ny og ne... Det setter jeg stor pris på!